Desse kommer på Urban art attack for kids til helga!

Rommen urban art attack.jpg

Vi feirar den urbane kunsten, med barna i fokus!

Barna får jobbe med dei ulike elementa innanfor hiphop og urban kunst – i lag med nokon av dei alle dyktigaste utøvarane frå street-kulturen. Det blir collage art med Fru Bugge, dans med Marcus, DJ`ing og beatboxing med Beatur, og arbeid med rap og tekst med Pats.

Målet er å strekke seg, utvikle seg, prøve noko nytt, lære, dele og utfordre seg sjølv. Til slutt blir alt sett saman i ei uformell og spennande visning.

Marcus Andreassen har drive aktivt med Breaking siden 1997, og er kåra til noregsmeister tre gonger. Han deltek på mange konkurransar i utlandet, både som utøvar og dommar. Han har også gjort mykje innan show, TV, og teater. Han har også undervist i dans på Kunsthøgskolen i Oslo og Noregs Idrettshøgskole.

Pats er eit av dei aller største namna innan rap, har vunne fleire prisar. Han har gitt ut musikk regelmessig og samarbeida med mellom andre Tuva Syvertsen (Valkyrien Allstars), Klish, RSP og Big Daddy Karsten. Pats er også ein av folka bak plateselskapet og musikkollektivet Head Quarters.

Fru Bugge er ein kunstnar som blandar collage og røff målarteknikk, og er eit av dei friskaste tilskota på den urbane kunstscenen.  

Beatur er DJ og Beatboxer. Han har samarbeida med artistar som Björk, og har vore oppvarmar for 50 cent og Fatboy Slim. I løpet av dei siste ti åra har han vore på tv og scener over heile Europa. I Noreg har han mellom anna gjort ting for Det Norske Teatret, Nationaltheatret og Operaen.

Laurdag 4. mai kl. 11-16 på Rommen Scene.

Pris: Kr 50 for deltakarar, NB: avgrensa med plassar. Open gratis visning for foreldre/andre interesserte laurdag kl. 15–16.