Back to All Events

Det Norske Teatret: Blokk til Blokk (UTSELD)

BLOKK TIL BLOKK

Manus: Jonathan Orellana Castro, Don Martin, Felipe Orellana Castro,
Hedda Sandvig og Cici Henriksen

Kor du kjem frå er ikkje berre ein stad du ikkje har valt. Det er med på å gjere deg til den du er.

«en opplevelse som er større enn en konsert og rikere enn en vanlig forestilling»
Aftenposten

«bør bli obligatorisk»
 Dagsavisen

«Dette er en viktig forestilling, fortalt av mennesker som kunne ha falt på utsiden av samfunnet»
Morgenbladet

Ei konsertframsyning om å komme dit du er, ikkje på grunn av, men trass i.

Don Martin, Castro og Fela, har i lang tid vore markante stemmer innan norsk rap. I blokkene i Groruddalen der dei voks opp blei musikk og personlege songtekstar om identitet fødde. Dei har alle på ulikt vis gjort rap til eit levebrød, og hiphop har vore eit fast haldepunkt heile livet både musikalsk og sosialt.

GA STEMME TIL UNDERTRYKTE

Hiphop voks fram mellom blokkene i Bronx, New York, på 70-talet. Dette var ein eksplosiv subkultur skapt av ein undertrykt generasjon minoritetsungdom med svært dårlege levekår. Hiphopkulturen protesterte mot sosial ulikheit, rasisme, undertrykking og urettferd og ga unge menneske utan ein stemme moglegheit til å fortelje si historie og bli høyrt.

https://vimeo.com/267589012

PERSONLEGE TEKSTAR

I framsyninga fortel Martin, Jonathan (Castro) og Felipe (Fela) sine historier og tek publikum med inn i blokka, bak musikken og tekstane sine. Vi får høyre om Groruddalen, Turtles og MTV, om brorskap og vegval. Om å miste nokon som står ein nær. Om Rudolf, Lillebjørn og Joachim. Om dei uønskte sin fest. Om å ville vere Tupac og Inger Hagerup. Om å ikkje bli bitter, berre betre, og om å leve livet med lidenskap.

Et bøllefrø kan også bli et tre planta i riktig jord
For noen er det mikrofon, for andre er det andre ting
Men trangen til å få til noe den ligger der i alle
Vi er kommet dit vi er ikke på grunn av men på tross av alt
En berg-og-dalbane når det går unna må du holde fast
Det kortet som du trekker fram når regninga kommer på bordet
Trekker sine midler i fra alt som har bygd din historie

– Don Martin frå låta «Del av meg»

MARKANTE MUSIKARAR

Don Martin er rappar, DJ og skribent. Han var sentral i rap-gruppa Gatas Parlament i ei årrekke. I 2013 fekk han Spellemannprisen for sitt første soloalbum En gang Romsåsgutt – alltid Romsåsgutt, og blei heidra med NOPAs pris for Årets tekst for låta Nilsen. I 2016 slepte han albumet Løvehjerter blant slangene i en Tigerstad. Jonathan Castro er rappar, og driv sitt ege plate-label. Han har jobba med ungdom, mellom anna gjennom Antirasistisk senters ungdomsavdeling Agenda X. I 2010 starta han etter-skole-tilbodet HipHop101 på Rommen skole, eit gratistilbod for musikkinteressert ungdom. I dag har Hiphop101 spreidd seg til 5 bydelar i Oslo. Felipe “Fela” Orellana Castro er rappar og blei først kjent gjennom Haugenstua-gruppa Breaknecks, men har sidan rukke å sleppe to soloalbum og ein EP i lag med duoen Degos. Han blei tildelt Årets Hiphop-album av Wimp for debuten D.U.R.E. i 2012. I 2017 var Felipe med i den kritikerroste framsyninga Vinduer av Veronica Salinas som hadde premiere på Det Norske Teatret.

 

Produsert av SPKRBOX Produksjoner i samarbeid med Det Norske Teatret.
SPKRBOX Produksjoner har mottatt prosjektstøtte frå Norsk Kulturråd og Fond For Utøvende Kunstnere.

Blokk til Blokk er fyrste forestilling som vert spelt på Rommen Scene som ein del av Det Norske Teatret si nye satsing i samarbeid med Rommen Scene på Stovner.

DSC_8248.jpg