Back to All Events

Det Norske Teatret/SPKRBOX: Kronisk norsk – Wørd frå stua

KRONISK NORSK – WØRD FRÅ STUA
Bra folk, flammande engasjement, store ord, teite tankar, kloke hovud, beats, kjærleik og sein kveld. Velkommen inn i stua, inn i varmen

kronisk-norsk-utenA.png

Tenker du det skjer mykje rart i norsk politikk om dagen? Det tenker vi.  

Skodespelar Iselin Shumba og rappar Pats Nichols inviterer folk dei er nysgjerrige på til ein prat i stua. Eit late night show kor det islandske einmannsorkesteret Beatur står for musikken og gjestane pratar rett frå levra om det dei brenn for, irriterer seg over og engasjerer seg i. Gjestane har òg blitt bedt om å ta med seg noko dei vil framføre på scenen; ein låt, eit dikt, ein tekst eller noko anna. 

Iselin og Pats prøvar seg på ei slags utgreiing av diagnosen ”kronisk norsk” og lurar på om dei er sjuke nok? 

Gjestar: rappar YOMI, varaordførar i Oslo Kamzy Gunaratnam og scenekunstnar Camara Lundestad Joof.

Ein samproduksjon mellom SPKRBOX og Det Norske Teatret

Earlier Event: January 31
Dreams Filmklubb: Ithu Kalam