Back to All Events

Det Norske Teatret: Ekko frå dalen

Ekko-fraa-dalen_web.jpg

EKKO FRÅ DALEN

Historier frå Groruddalen

EKKO FRÅ DALEN

Ekko er lydbølgjer som blir kasta tilbake, og i dette teatrale eksperimentet er vi ute etter di historie. I serien «Ekko frå dalen» vil vi samle inn Groruddal-historier og spele dei tilbake frå scenen. Skodespelarane har berre ei veke prøvetid og resultatet blir ei stunta teaterframsyning basert på historiene som har blitt sendt inn.

Snakk heller med meg!

Debattane om innvandring har ofte negativ klang – kvifor er det slik? Og må det vere slik? Er det ikkje sånn at det eigentleg er mest fordelar med å ha fleir(!)kulturell bakgrunn? Er det sånn at alle snakkar om, men ingen snakkar med? Vi leitar etter historia til deg som ser styrken i å kunne fleire språk og kjenne til fleire kulturar, men også eksempel på situasjonar der du har følt deg urettferdig behandla.

Vi vil ha små personlege historier

Både om korleis du ser styrkane og svakheitene med å ha fleirkulturell bakgrunn i Noreg i 2019.

Kvifor kan ikkje det å «ikkje vere som alle andre» vere meir positivt lada?

Kva fordelar finst det eigentleg i å vere fleirkulturell?
Korleis kan det å ha ein fleirkulturell bakgrunn vere ein styrke i ulike situasjonar?

Er det umogleg å bli «heilt norsk»? Og er det i det heile eit mål?

 

Som ein vi snakka med sa det: «Eg er så stolt over å vere halvt norsk, og sjukt glad for at det er nett det eg er: Halvt norsk»

 Du kan sende historia di til oss på e-post rommen@detnorsketeatret.no eller du kan gå inn via dette https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSffGa6WWHep9y_jddM7eriwxtHnyea7k7Z6bfJqP_7zuHkjxA/viewform skjemaet og skrive inn anonymt. 27.02 vil profesjonelle skodespelarar spele eit utval av historiene vi har fått inn .

Med: Amell Basic, Catharina Vu og Kjersti Dalseide.
Regi og omarbeiding: Belinda Braza og Anders Hasmo