Back to All Events

UTSETT! Det Norske Teatret: Tante Ulrikkes vei

TANTE ULRIKKES VEI

av Zeshan Shakar

Kjære publikum 

Urpremieren på Tante Ulrikkes vei  12. juni på Rommen Scene er utsett grunna sjukdom.

Det er sjølvsagt ikkje eit enkelt val å utsetje premieren på dramatiseringa av Zeshan Shakars kritikarroste roman, men ei sjukemelding gjer det naudsynt å skyve premieren til over sommaren. 

Ny dato for premieren er sett til 28. august kl. 19.00 på Rommen Scene.

Gi melding om du vil flytte billettane til 28. august til premiere@detnorsketeatret.no

For andre datoar, sjå speleplan her.

To gutar veks opp i Tante Ulrikkes vei på Stovner i Oslo. Den eine kjem frå det vi kan kalle ein god heim, den andre har ein meir utfordrande heimesituasjon. Dei gjer begge så godt dei kan, men går likevel ei usikker framtid i møte.

Det er byrjinga av 2000-talet i drabantbyen på Stovner. Her bur Jamal og Mo i same oppgang, men har svært ulike liv. Hos Jamal blir det stort sett ikkje servert nokon annan mat enn den han lagar sjølv, mora ligg på sofaen heile dagen og veslebroren pissar på seg når han er på skolen. Man Jamal har ikkje tid til å ta seg av alle problema med broren; han må jobbe på vaskehallen, og arbeidet er så repitativt og tungt, at om kvelden vil han berre slappe av med ein liten nattings .

Mo jobbar jamt og trutt med skolearbeidet for å få dei beste karakterane, og byrjar etter kvart på samfunnsøkonomi på Blindern. Det blir ei overveldande miljøforandring frå det kjente miljøet på Stovner. Han møter ei litt frika jente som bur heime hos foreldra i ein stor villa på Grefsen. Men ettersom ho får nye venner i det politisk korrekte studentmiljøet og blir opptatt av å demonstrere mot H&M og storkapitalen som vil etablere seg i det autentiske miljøet på Grünerløkka, glir dei lenger og lenger ifrå kvarandre. Ho klarer ikkje forstå Mo sine utfordringar med å overskride klasseskilja og bli akseptert i landet han har vakse opp i. Kanskje var det berre spennande ein periode å ha ein kjærast som var muslim og kom frå Stovner?

Politisk

Tante Ulrikkes Vei handlar om to unge gutar sinkamp for å komme seg opp og fram og få eit betre liv. Det handlar om kjærleik, ungdomsliv og det å prøve å forstå storsamfunnet. Og det handlar ikkje minst om klasse og den politiske og politisk korrekte eliten si blindsone.

Samarbeid mellom Det Norske Teatret og Rommen Scene

Tante Ulrikkes vei er del av Det Norske Teatret si nye satsing i samarbeid med Rommen Scene på Stovner, og vil ha urpremiere på Rommen Scene.