Tilbake til alle arrangementer

Det Norske Teatret: Leve republikken!

  • Rommen Scene KAREN PLATOUS VEI 31 Oslo Norge (kart)

Leve republikken!

av Toril Solvang, etter ein ide av Mine Nilay Yalcin

 

Å vekse opp blir ei synd dei sver på aldri å utføre.

 

Sola står opp på ei aude øy.

Heimanfrå er lenge sidan.
I lysninga ligg eit gammalt vrak.
Dei vaksne tilhøyrer fortida.
Reglane er sett. Leiken blir så altfor raskt til alvor.
Klokka går. Men ingen veit kva tida seier.
Plutseleg har tida gått så altfor lenge.
Plutseleg må alt for mykje skjulast.
Hemmelegheitene blir for mange.
Alle sver – øya fangar.

Republikken lever!

Med referansar til klassikarar som Robinson Crusoe, Peter Pan og Fluenes herre breier dramatikar Toril Solvang ut ei vifte av utfordringar som ei gruppe barn blir stilt overfor. Det handlar om å ta ansvar og bli vaksen – men også om korleis vi behandlar dei som er langt vekke og som vi ikkje ønskjer å sjå.

Passar for barn frå 10 år.

Forrige
Forrige
27. november

ERIK

Neste
Neste
1. desember

Det Norske Teatret: Min venn romvesenet