Tilbake til alle arrangementer

Det Norske Teatret: Min venn romvesenet

Min venn romvesenet

av Kjersti Horn og med musikk av No. 4

6 år gamle Ellie bur i verdas mest ukoselege blokk, i verdas mest ukoselege by, på galaksens einaste bebuelege planet, jorda.

Ellie ligg ofte aleine og tenkjer på stjerner og romvesen og alt som kan finnast der ute i det mørke universet. Ein dag høyrer ho mystiske lydar frå gjenvinningscontaineren utanfor blokka. Kven er det som gøymer seg langt der inne i mørkret bak melkekartongar og tomme cornflakespakkar? Finst det andre vesen i verdsrommet som også har blitt gløymde av familien sin, og kva skjer når to som før var heilt aleine i universet plutseleg finn ein som er akkurat like aleine som ein sjølv?

Musikal som passar heile familien.

Forrige
Forrige
8. desember

Det Norske Teatret: Min venn romvesenet

Neste
Neste
10. desember

Det Norske Teatret: Leve republikken!