Tilbake til alle arrangementer

Det Norske Teatret: Pinocchio (Anbefalt fra 12 år)

Pinocchio

Når Pinocchio lyg, veks nasen. Pinocchio lyg for alle, og aller mest for seg sjølv. Men kvifor halde det ekte, når det ekte berre er drit?

Dette er ei forteljing om å bli vaksen, og samtidig vere i opposisjon til alt dei vaksne står for. Pinocchio vel den lette vegen, vil ha minst mogleg ansvar, tenkjer ikkje på konsekvensane. Han famlar seg fram i ei verd som prøver å temme han.

For å bli eit heilt menneske, må ein slutte å lyge for seg sjølv, blir det sagt. Men korleis vere deg sjølv 110 prosent, når du ikkje har peiling på kven du eigentleg er? Da er det betre å rømme frå alt.

Ein klassikar for ungdom

Pinocchio er forteljinga om tredukka som blei levande, med ein nase som veks når han lyg. Historia er basert på ei barnebok frå 1883 av den italienske forfattaren Carlo Collodi. Opphavleg var det mange korte forteljingar med moralsk bodskap og oppdragande effekt for barn. Mange kjenner teiknefilmen av Disney frå 1940. I regissør Øyvind Osmo Eriksens versjon, er Pinocchio eldre, verda er skumlare, konsekvensane større, og fallhøgda enorm.

Pinocchio er ei mørk, grotesk og farleg forteljing om å høyre til, om å bryte fri og å finne seg sjølv. Rolla som Pinocchio blir spelt av Fabian Svegaard Tapia. Den barnlause treskjeraren Gepetto blir spelt av Pål Christian Eggen.

Framsyninga passar for ungdom frå 12 år.

Det vil bli nytta strobelys i framsyninga.

Forrige
Forrige
16. desember

Det Norske Teatret: Pinocchio (Anbefalt fra 12 år)

Neste
Neste
18. desember

Jul med Prøysen