Tilbake til alle arrangementer

Det Norske Teatret: Linje 5

Linje 5

av Don Martin og Zeshan Shakar

Som ein nervetråd slynger ho seg gjennom hovudstaden frå vest til aust. Linje 5 er ei av linjene på T-banekartet i Oslo, ei hovudåre på skjener.

Den lengste banen i aust, den som først forlet felleslinjene på veg ut av sentrum og som fraktar flest folk i løpet av ein dag. I Don Martin sin låt Hvis linje 5 kunne snakke samanliknar han banen med ei livslinje og syng om alle dei som er « vei i samme fart til bryllup og begravelse».

Alle tek banen

På denne banen stig mengda av ein norsk småby inn og ut kvar einaste dag. No vil Linje 5 ta bladet frå munnen og fortelje om byen vår og menneska i han. Saman med forfattaren av Tante Ulrikkes vei, Zeshan Shakar, skriv Don Martin forteljinga om dei ulike individa som pressar seg inn på den same strekninga. Alt frå forfattarar til fyllikar, marka-entusiastar og bankranarar side om side, tett i tett. Framsyninga vil løfte fram det fellesskapet og den tilhøyrsla som pregar den delen av Oslo og dei som bur på linja frå sentrum og autstover.

Kvardagsbilde

Don Martin som gjorde braksuksess med framsyninga Blokk til blokk, er igjen tilbake på scenen ved Det Norske Teatret. Han personifiserer Linje 5, og saman med tre skodespelarar skal han attskape ei kjent og kvardagsleg handling. Ramma er ei t-banevogn, og publikum får bli med på ei reise gjennom den norske verkelegheita.



Forrige
Forrige
16. oktober

Det Norske Teatret: Min venn romvesenet (Premiere)

Neste
Neste
21. oktober

Det Norske Teatret: Min venn romvesenet