Tilbake til alle arrangementer

Det Norske Teatret: ABDUL ≈ HKEEM

ABDUL ≈ HKEEM

Om å navigere mellom forhaldet til familie og venner, om skuggesidene av samfunnet, om rasisme, kjærleik og om musikken som opna nye dører.

Dette er ei djupt personleg og ærleg framsyning, der publikum blir kjent med personen ”bak” artisten Hkeem. Abdulhakim «Hkeem» Hassane deler historier frå oppveksten – frå han tok sine første barnesteg mellom blokkene på Stovner, til ungdomsåra med store draumar og vegen mot å realisere dei. Om presset frå heimen, frå omverda og forventingane til seg sjølv.

Historia blir fortald frå ein blottstilt og open ståstad, på ein måte ein verken har sett, høyrt eller opplevd Hkeem tidlegare.

Oppveksthistorie

Vi skal innom tema som forpliktingar til familien, forholdet til venner og musikken som opna nye moglegheiter, men også skuggesidene av samfunnet som ungdom skal navigere og eksistere i, som kjærleikssorg, einsemd og rasisme. Abdul ≈ Hkeem er ei oppveksthistorie fortald gjennom eit fysisk og visuelt språk, med eit heilt særeige og prislønt lydspor.


Forrige
Forrige
31. mars

Det Norske Teatret: ABDUL ≈ HKEEM

Neste
Neste
15. april

Det Norske Teatret: ABDUL ≈ HKEEM