Det Norske Teatret på Rommen Scene

I januar 2019 flyttet Det Norske Teatret inn på Rommen Scene med produksjoner fra repertoaret og nye forestillinger i samarbeid med lokale krefter i Groruddalen og støtte av OBOS Presenterer.

ABRAHAMS BARN

I Abrahams barn framhevar Tindberg dei verdiane som femnar om og sameiner alle truande i dei tre store verdsreligionane – jødedommen, islam og kristendommen.

EKKO FRÅ DALEN

I serien EKKO FRÅ DALEN vil vi samle inn historier frå Groruddalen og vise dei på scenen med skodespelarar frå teatret. Dei har berre ei veke prøvetid og resultatet blir ei stunta teaterframsyning med fokus på historiene som har blitt sendt inn.

BLOKK TIL BLOKK

Don Martin, Castro og Fela, har i lang tid vore markante stemmer innan norsk rap. I blokkene i Groruddalen der dei voks opp blei musikk og personlege songtekstar om identitet fødde. Dei har alle på ulikt vis gjort rap til eit levebrød, og hiphop har vore eit fast haldepunkt heile livet både musikalsk og sosialt.

DON MARTIN PRESENTERER: NY NORSK

Don Martin presenterer stemmer han likar. Ein kveld der folk som skriv snakkar. Ein kveld med dikt, historier, tekstar, låtar og samtalar.

TANTE ULRIKKES VEI

To gutar veks opp i Tante Ulrikkes vei på Stovner i Oslo. Den eine kjem frå det vi kan kalle ein god heim, den andre har ein meir utfordrande heimesituasjon. Dei gjer begge så godt dei kan, men går likevel ei usikker framtid i møte.

ALL OF ME. GJESTESPEL MED KIM FAIRCHILD.

Vi møter Billie Holiday i sjukesenga der ho møtte sin lagnad. Ho ser tilbake på livet sitt. På mennene. Misbruket. Bransjen. Men først og fremst musikken. Musikken som gjorde henne til eit av verdas største jazzikon.