FOR UNGDOM

DET NORSKE TEATRET: PINOCCHIO

Når Pinocchio lyg, veks nasen. Pinocchio lyg for alle, og aller mest for seg sjølv. Men kvifor halde det ekte, når det ekte berre er drit?

Dette er ei forteljing om å bli vaksen, og samtidig vere i opposisjon til alt dei vaksne står for. Pinocchio vel den lette vegen, vil ha minst mogleg ansvar, tenkjer ikkje på konsekvensane. Han famlar seg fram i ei verd som prøver å temme han.

For å bli eit heilt menneske, må ein slutte å lyge for seg sjølv, blir det sagt. Men korleis vere deg sjølv 110 prosent, når du ikkje har peiling på kven du eigentleg er? Da er det betre å rømme frå alt.

Framsyninga passar for ungdom frå 12 år.

NB! Det vil bli nytta strobelys i framsyninga.