Tilbake til alle arrangementer

Det Norske Teatret: Spire

SPIRE

Det er ingen løyndom at kvinnelege regissørar er mangelvare i teateret. Det er heller inga stor overrasking at kvinner med minoritetsbakgrunn faktisk omtrent ikkje eksisterer i norsk teaterhistorie. Dette vil Det Norske Teatret gjere noko med gjennom regiprosjektet Spire. Denne kvelden kan du oppleve resultatet gjennom tre korte visingar.

Med Spire-prosjektet har Det Norske Teatret i Groruddalen samla ungdomar med teaterinteresse, til eit møte med gryande regissørar. Våren 2022 har tre regissør-spirer som interesserer seg for å lage teater, film og tekst med ei ung målgruppe i tankane arbeidd med ulike prosjekt til Det Norske Teatret i Groruddalen.

Regi-spirene Martine Næss Johansen, Zezé Kolstad og Jae Nyamburah har jobba fram prosjekta sine under oppfølging av mentorane Kjersti Horn og Marit Moum Aune, som har brei regierfaring.
Alle verkstadvisingane er så sett saman til ei heilaftans uformell teateroppleving på Rommen Scene i Groruddalen.

Spirene

Martine Næss Johansen

Johansen frå Oslo er utdanna religionshistorikar og journalist og arbeider som forfattar, kurshaldar, redaktør og slampoet. Ho er redaktør for det skeive kulturtidsskriftet MELK som ho var med på å starte i lag med Anna Nafstad i 2016. I 2018 utvida dei med bokforlaget littMELK som gir ut skeiv litteratur.
Johansen er også redaktør for Antirasistisk senters litteratursatsing, Agenda teXt. Ho har gitt ut bøkene Hvite jenter kan ikke synge blues (roman , 2015), Lykkelige mennesker har ikke bikkje (roman, 2018), Den store SLAM!boka (sakprosa, 2020), Vi har ikke fire nye år (roman, 2020).
Johansen har elles halde slam- og skrivekurs for barn, ungdom og vaksne, lokalt og internasjonalt - inkludert "Mini-Rim-Rytme-Maskin" - ein slampoesi-workshop for dei minste (4-7 år) og SLAM!ung - ein workshop for ungdomsskole og vidaregåande. I 2022 tiltrer ho som ekstern rettleiar ved Oslo Met i eit valfagemne om slampoesi som verktøy for menneske som jobbar med barnevern. 
Martine Næss Johansen sit i styret i SLAM!kollektivet og Pride Art.

Vising: Johansen har tatt utgangspunkt i sin eigen roman Vi har ikke fire nye år og har laga ei vising som tematiserer ung, skeiv kjærleik.

Zezé Kolstad

Kolstad er dansekunstnar og jobbar innan det frie scenekunstfeltet. Ho har danseutdanning frå London Studio Centre og master i koreografi frå Kunsthøgskolen i Oslo. Kolstad har sett opp eigne produksjonar for vaksne og barn med Didá Produksjoner. Ho var med på å etablere Fargespill i Oslo, der ho har vore kunstnarleg ansvarleg og koreograf. Ved sidan av å gjere frilansoppdrag jobbar ho no som prosjektleiar for Outreach ved Dansens Hus i Oslo.

Vising: 
Hår
Idé av Zezé Kolstad
Medskapande utøvarar er Hawa Janlo og Hamda Barise

Håret blir stadig kommentert, tatt på, studert og undersøkt. Vi har hatt opplevingar der folk vi ikkje kjenner smyg nærare for å kikke ekstra godt på og kjenne på håret vårt, uten at vi vil det. Vi har fått kommentarar som; Oi! Så mjukt det er! Jøss sjå så langt det eigentleg er. Om eg dreg i det, sprett det tilbake? Hmmm... Ser ut som ull, så morosamt hår du har, annleis, men fint, er det ditt?
Er det ekte? Kan eg få kjenne?

Gjennom rørsle og tekst utforskar dei sine eigne opplevingar, kjensler og synspunkt rundt det å vekse opp i Noreg med bølgete, krøllete og krusete hår.

Jae Nyamburah

Multikunstnar fødd i Kenya, oppvaksen på Hauketo i Oslo.  Som 15-åring byrja Nyamburah jobbe profesjonelt i kunstfeltet. I 2003 var ho musikkoordinator for albumet Maroon frå The R.I.S.E. Project og manusforfattar til musikkvideoen  All About The Benjamins. I 2005 debuterte ho som poet i samarbeid med den politiske rapduoen Dead Prez.  I 2010 delte Nyamburah scene med artisten Saul Williams og Oslo Filharmonien i oppsetjinga Said the shotgun to the head. Same år debuterte ho som fotograf med utstillinga Synlig // Usynilg på Riksscenen.  

2015 var året Nyamburah fekk bacheloren sin i skodespelarfag og produksjon frå Det Multinorske/ Nord Universitetet / Det Norske Teatret og har sidan vore tilsett og hatt roller m.a i The Book Of Mormon (2017-2019), Dovregubben i Peer Gynt (2019), Cordelia i Kong Lear (2020) og Camilla i Linje 5 (2021).  

Vising: Jae Nyamburah ønskjer å lage ei vising med tema interseksjonalisme og melaninrike kvinner med teksten The Vibe Noir.

Forrige
Forrige
29. mars

Det Norske Teatret: Linje 5

Neste
Neste
31. mars

Det Norske Teatret: Linje 5