Tilbake til alle arrangementer

Det Norske Teatret: Tante Ulrikkes vei

Tante Ulrikkes vei

av Zeshan Shakar

To gutar veks opp i Tante Ulrikkes vei på Stovner i Oslo. Den eine kjem frå det vi kan kalle ein god heim, den andre har ein meir utfordrande heimesituasjon. Dei gjer begge så godt dei kan, men går likevel ei usikker framtid i møte.

Tante Ulrikkes vei handlar om to unge gutar sin kamp for å komme seg opp og fram og få eit betre liv. Det handlar om kjærleik, ungdomsliv og det å prøve å forstå storsamfunnet. Og det handlar ikkje minst om klasse og den politiske og politisk korrekte eliten si blindsone.


Vi gjer merksam på at framsyninga spelar på to ulike scenar. Dobbeltsjekk spelestad når du bestiller.

Forrige
Forrige
4. september

Det Norske Teatret: Tante Ulrikkes vei

Neste
Neste
7. september

Det Norske Teatret: Tante Ulrikkes vei