Tilbake til alle arrangementer

Det Norske Teatret: Fredagskveld i Groruddalen

THE GATHERING

Ein magisk kveld fylt med musikk, gode vibbar og samhald!

Vi viskar ut grensene mellom scene og sal og ønsker deg velkommen til ein sosial møteplass med interaktive og kunstnariske opplevingar. Vi byr på minikonsertar og samtaler med kjende og lokale artistar.

Vi startar kvelden med eit DJ-livesett der B16-medlemmer står bak spakane, deretter bevegar vi oss vidare til minikonsertar med to kjende artistar som har markert seg i Noreg. Gjennom ein open samtale blir vi med bak kulissane og blir kjende med kven artistane er og korleis den kunstnariske reisa deira har vore.

B16 er eit dansekollektiv med stor tilknyting til Groruddalen. Vi er opptekne av å skape nye møteplassar der unge talent i dalen får ein trygg arena til å utvikle seg og vise fram talenta sine. Vi ønskjer derfor å invitere to “up and coming” artistar med tilknyting til Groruddalen som får høve til å halde ein minikonsert same kvelden. For å kunne bli med i trekkinga av dette må ein sende inn eit kort skriv på 3-5 linjer om seg sjølv og draumen sin som artist til b16bookings@gmail.com. • Vinnaren blir trekt 24. april.

Billettar i sal onsdag 13. mars



Forrige
Forrige
27. april

Filmklubb:Ponyo

Neste
Neste
14. juni

Det Norske Teatret: Fredagskveld fra Groruddalen